ELBRUS, RUSSLAND

Elbrus 2017

Eg vant "Årets Rookie" i 2016 - prisen ble delt ut av Hvitserk, fjellsport og UTE. Som en del av premien fikk eg være med Hvitserk på tur til Elbrus og her er ein blogg fra turen til vakre Kaukasus.

Russland, Kaukasus, Elbrus for eit land, for eit landskap, og for eit fjell! Kaukasus trur eg har endra hjerta mitt for fjell! Så vanvittig flott og rått område! Bratte fjellsider med tilgjenglige toppar som gir utsikt over dei ubestiga fjella!

foto: Jøran Hvitsand 

foto: Jøran Hvitsand 

 

I forbinnelse med fjorårets pris, "Årets Eventyr Rookie" kåra av Hvitserk, Fjellsport.no og UTE magasinet blei eg nominert og kåra som årets nykomande eventyrar i Norge. Ein del av premien var ein valgfri reise frå Hvitserk, og utstyr frå Fjellsport.no  Eg valgde å besøka Kaukasus og toppen av Europa, Elbrus! Uten eg visste heilt kva eg kunne forvente, sidan eg bestemde meg å bli med ei veka før avreise. Haste visum blei bestilt og baggen blei pakka to timar før avgang.

foto: Hvitserk

foto: Hvitserk

Gruppa bestod av 15 herlige sjeler, sprett frå heila landet, som nå vil vara mine venner for resten av livet! For ein gjeng! Eg  var den yngste og alderar sprette seg fra meg på 24 til rundt 60 år. 
Akklimatiseringa starta frå byen Cheget, her me tok turar opp i høyden frå byen for å bli vant med høgden før me reise opp i fjellet for å bli ytterligare vant med høyden.

 

Då me for siste gang pakka sekken for å reise opp på fjellet var eg SOLGT til dei vanvittig skarpe fine linjene blanda med bedaglige fine fjellryggar! Så flott! Så nydelig! Og så heldig så for vara her og nå å gjera akkuratt det eg elske i livet! Vara blandt flotte fjellsider og nyta naturen frå ulike nasjonar og kulturar!

 

Etter fira dagar i fjellet og nokon dagar med ufint ver var me klar for toppstøt. Kl 0100 frokost - 0200 klar for toppen! Sakte men sikkert gjekk me opp fjellryggen. Det som er så fantastisk å gå om natta er å få oppleve soloppgangen, den gule fine nyansen som forandrar seg om til lilla og rosa før den blå fine vårhimmelen sprer seg over heile horisonten. Stod på toppen kl 0900, med stort smil og lykkelig for eg fekk vara akkuratt der eg befant med blant mange andre fine folk og sjeler! Ingenting anna gjer meg meir usamkeleg lykkelig!

 

Returen bestod av lette steg og musikk på øyrene, og bevisst på at kvelden skulle bestå av russisk vodka, mimring av fine minner og planlegging av nye eventyr! Takk for meg Russland, I'll be back!

Tusen takk til dokken andre fine som va med på reisen! Dokken vett kven dykk er og gratulasjonar til Thor Elvebakk, guiden frå Hvitserk for 12 bestigning av fjellet og fekk alle opp på fjellet på ein trygg og fin måte, imponerande! Bra jobba!

 

- Moa

 

Forrige
Forrige

FORDI DU KAN OM DU VIL DET NOK!

Neste
Neste

GET YOUR WIBES ON!!